FLYKTNINGAR: I denne flyktningleiren i Nord-Irak sit framleis tusenvis av jesidiar som flykta frå IS. Korleis skal dei verna seg dersom viruset spreier seg, spør Johannes Morken. Foto: Pål Brenne/Stefanusalliansen.

Utanfor den mørke korona-skuggen

(Korona) KOMMENTAR Korleis skal vi bry oss, etter unntakstilstanden, for dei som alltid kjem sist i køen for hjelp i store kriser?

Det var den dagen krisa slo inn over oss, den dagen parolen ikkje lenger berre var handvask, den dagen viktige delar av samfunnet vart stengt. Folk fekk endå verre ting å frykta enn at dei vart jaga heim frå hyttene. Klarar helsevesenet denne krisa? Har vi eit arbeidsliv og eit kulturliv å gå til etter viruset?

Det var dagen for å bli positivt nærsynt – på ein ny måte: Vi skal bry oss ved å halda avstand, for livet og helsa til naboar, familie og kollegaer si skuld. Og folk bryr seg. Facebook er fullt av dugnadsånd.

Men korleis skal vi bry oss – etter unntakstilstanden? Det handlar ikkje berre om når vi får lov til å ta på folk igjen. I Syria og Irak sit folk framleis i flyktningleirar der viruset kan få «fritt leide» om det slepp laus. Irak har stengt ned viktige delar av samfunnslivet. Inn på Ninive-sletta der nokre tusen kristne som vart jaga av IS, har prøvd å byggja oppatt eit liv av ruinar, slepp no knapt nokon.

Korrupsjon og heltar
Libanon stengde skulane fleire veker før vi gjorde det. Koronaviruset lammar viktige delar av eit land der økonomien alt var på felgen. Halvannan millionar syriske flyktningar sit i tronge husvære i byane eller i kummerlege telt utanfor og kjenner på presset om å dra tilbake dit dei kom frå.

Viruset slo i Libanon til etter at store folkemengder i månader hadde teke til gatene for å protestera mot korrupte politikarar som deler makta etter kva religiøst samfunn dei høyrer til, utan å bry seg om folket dei skal tena.

PREST: Stefanusalliansen støttar arbeidet Fadi Daou driv for å kjempa for trusfridom og like borgarrettar for alle i fleire land i Midtausten. FOTO: Stefanusalliansen

Eg fekk eit naudrop frå ein prest som har støtta demonstrantane. Fadi Daou refsar politikarane som nærsynt kjempar for seg og sine. Han hyllar dei heltemodige helsearbeidarane som kjempar for liv og helse for andre.

Stefanusalliansen støttar arbeidet Daou driv for å kjempa for trusfridom og like borgarrettar for alle i fleire land i Midtausten. «Egoisme og arroganse er vegen til undergang», åtvarar Fadi Daou. Adressa hans er den politiske leiarskapen i Libanon. Men også vi bør lytta.

Alltid sist i køen
Det er ikkje sikkert at verda slik vi kjende den før koronaviruset, nokon gong kjem tilbake. Vi veit ikkje kor lenge virusfrykta sit i – og kor lang tid det tek før vi i Vesten har fått vaksine. Vaksinen kjem først til oss.

Vi må leita etter rom for å bry oss – over grenser og banksystem som no er stengde

Det vi alltid veit, er at grupper som er undertrykte til vanleg, som urfolk og etniske mindretal, vert ekstra ramma i alle kriser. Dei er alltid sist i rekkja av dei som får hjelp. Religiøse minoritetar er også utsette for denne brutale mekanismen. Vi må leita etter rom for å bry oss – over grenser og banksystem som no er stengde.

Kinas bruk av makt

Norske kyrkjer har avlyst gudstenester, prøvd seg fram på internett og kasta seg over telefonen for å trøysta dei redde. Dette har kinesiske kristne gjort i fleire veker. Kyrkjer i Wuhan, det kinesiske episenteret for viruset, har kjempa seg fram medan millionar av menneske har vore heilt innestengde. Prestar og pastorar har prøvd å halda kontakt med einsame menneske som kan ha hatt god grunn for panikk med virusfaren utanfor døra.

Vi har heia på Kina som hardhendt har slåss mot viruset. Legar og styresmakter i Vest ser med rette etter kva dei kan læra.

Men så veit vi også at Kina er eit brutalt diktatur, som har tradisjon for ein maktbruk for å sveisa att dørene til folk som bryt portforbodet. Hos oss har det også vore truga med sivilforsvar, politi, bøter og fengsel – fordi det er ein unntakstilstand.

Også i Kina er kampen mot viruset ein unntakstilstand. Men der er ikkje viljen til brutal makt nokon unntakstilstand, men dagleg politikk. Etter portforbodet vil kristne koma ut igjen til eit samfunn som vil vera endå meir overvaka enn i dag.

Regimet har bygt opp eit massivt overvakingsapparat, med kamera og ansiktsgjenkjenning. No kan kampen mot korona gje Xi Jinping eit ekstra påskot for meir overvaking både av menneske og virus. Vil eg bry meg?

Vår skrekkslagne fascinasjon for hardhendt kinesisk kamp mot korona må ikkje få oss til å gløyma dei mange offera for det harde kinesiske diktaturet

Dei truande i Kina har lenge vore under press frå eit regime som vil undertrykkja all religion. Det er ingen grunn til å tru at forfølginga blir mindre. Vår skrekkslagne fascinasjon for hardhendt kinesisk kamp mot korona må ikkje få oss til å gløyma dei mange offera for det harde kinesiske diktaturet.

Livet på heimekontoret

Vi er plikta til å kjenna etter om vi kan vera sjuke og gjera alt vi maktar for å verna dei sårbare mot smitte, for livet deira står på spel.

Men det er også fort gjort å bli så opptekne av korleis vi skal halda ut livet på heimekontoret at vi ikkje ofrar samvitsfangane i overfylte, smittefarlege iranske fengsel ein einaste tanke.

Akkurat medan eg skriv kjem dystre rapportar – om nye angrep på kyrkjer i Sudan og fleire målretta angrep på kyrkjeleiarar og familiane deira i Nigeria. Vi som har helse og arbeid har eit ansvar for også å følgja med på kva som skjer utanfor den mørke skuggen som koronaviruset legg over liva våre.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.